Fuglekikking på Opsalsholmen
Fuglereservatet Opsalholmen, er ei holme som ligg i Vindafjorden lett synleg frå riksveg 46 mellom Vikedal og Sandeid. Her kan du ta med deg kikkerten, og stoppe i ei av lukene langs vegen, for å studere fuglelivet. Opsalsholmen fuglereservat er eit freda hekkeområde for ymse fuglar. Ynskjer du å komme endå nærmare, kan du ta sjøvegen. Ver merksam på at det ikkje er tillate å gå i land på holmen, og ver særlig varsam i hekketida, slik at du ikkje uroar fuglane unødig. Opsalholmen er kjent for å være hekkeområde for fiskemåka, og det er spesielt i hekkeperioden det kan vera mykje liv. Det er blitt observert nærare 1000 måker samstundes på holmen Andre fuglar du kan sjå her, også hekkande, er makrellterne, siland og tjeld. Svartbak er på veg inn. For litt meir sjeldne syn, kan du retta blikket opp mot fjella, da det skal vera ei kongeørn oppe på Lysenuten.
Til fjells kan du sjå andre fuglar som både rype og orrfugl. I skogane ovanfor Låkafossen, og oppover mot Fjellgardsvatnet er det også observert hvitryggspett, gråspett og dvergspett.